tirsdag 14. februar 2012

Familie og flyktnig tragedie på Bømlo Kilde Bømlo nytt.

Småbarnsfamilie måtte reisa i natt

Mor, far og to små barn vart henta av politiet i bustaden sin på Svortland i går kveld. Dei brukte natta til å pakka, og vert truleg sende ut av landet i dag.
Berre eit akebrett stod att på trappa i dag tidleg og vitna om at det har budd ein aktiv småbarnsfamilie i huset på Svortland. I går kveld, søndag, kom politifolk frå Politiets utlendingsenhet (PU) i Oslo for å ta med seg familien på fire.
- Eg forstår ikkje kva som hastar slik, seier advokaten deira, Siri Øvstebø til Bømlo-nytt. Ho opplyser at Oslo Tingrett skal handsama mor og barn si sak fredag den 17. februar og kan ikkje forstå kvifor dei ikkje kunne ha venta med å senda familien ut til retten hadde sagt sitt.
- Far fekk endeleg avslag i retten den 2. februar, medan mor og barn si sak altså skal drøftast førstkommande fredag. Spørsmålet er også om ikkje det eldste barnet har rett på eiga vurdering, seier advokaten. Ho karakteriserer heile saka som dårleg juridisk handverk.
- Det kan godt henda at utlendingsstyresmaktene har retten på si side når dei vil senda dei ut, men saka bør i alle fall behandlast rett. Politiet har opplyst meg om at det er fullt på Trandum, og at dei difor vert sende direkte. Fem mann skal vera sette av til å følgja dei til Burundi, seier Øvstebø.
Brot på Utlendingslova skal vera årsaka til at dei har fått avslag på asylsøknadene sine, både i UDI (Utlendingsdirektoratet) og i UNE (Utlendingsnemnda).

Har budd lenge på Bømlo
Far i familien kom til Norge og søkte om asyl i 2003. Kona hans kom til Norge i 2005, der dei møtte kvarandre att etter at borgarkrigen i Burundi hadde skilt dei i mange år. Ekteparet fekk ein son i 2008 og ei dotter i 2010, begge er fødde i Norge. Sonen går i barnehage på Bømlo og snakkar berre norsk. Familien er godt integrerte etter å ha budd på Bømlo i mange år.
- Det vil bli svært vanskeleg for dei å komma til Burundi, særleg for borna som ikkje snakkar språket. Far har dessutan ein kronisk sjukdom som han får oppfølging for her i landet, men som han truleg ikkje får oppfølging av i heimlandet. Då kan han faktisk døy, forklarar advokaten.
Ho har nyleg sendt brev til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg om saka som ho meiner er brot på menneskerettane. Ho peikar på at familien vil møta store problem når dei kjem attende til heimlandet, både praktisk og i høve til fysisk og psykisk helse.
Ho ber også om at saka må verta handsama juridisk i ein rett og ikkje berre forvaltningsmessig av utlendingsstyresmaktene. I mellomtida meiner ho altså at familien bør få bli i landet.
Kommunikasjonssjef ved Politiets Utlendingsenhet, Cecilie Johansen, stadfestar overfor Bømlo-nytt at ein familie søndag vart henta på Bømlo for uttransportering.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar