tirsdag 24. april 2012

Ryfast Norges største skandale prosjekt angående veibygging og løsning på veiforbindelsen fra Ryfylke til Jæren
 
Norvall tytland Jørpeland


Norvall Tytland
Brev: Ja, eg vågar meg til å skriva "kjære" endå vi aldri har møttest, og det einaste vi i grunnen har felles er at vi deler lommeboka mi. Det er likevel slik at du med åra har blitt ein slags "farsfigur" for meg i det politiske landskapet.For ho Kari var nok ei slik kjensle berre vel så sterk då ho sette seg ned og skreiv eit klagebrev til Kongen i farne tiders København. Ho fortalde si historie om den store uretten som kongens tenarar hadde gjort mot henne og slutta så av med desse fyndorda : "Futen, den f… , har teke garden frå meg. Og Kari heiter eg."
Det er ikkje mitt eige gods eller gull eg tenkjer på når eg legg Ryfast-saka fram for deg på denne måten. Det er det nok av andre som gjer i denne samanhengen – utan den minste omtanke for dei som kjem ille ut dersom dette prosjektet vert sett ut i livet. Men eg veit du er ein mann som meiner vi må ha "pæeng på bok" om vi i åra som kjem skal kunna løysa dei mange og store oppgåvene som samfunnet står overfor. Då er det ikkje nok at vi held oss til handlingsregelen, men måten vi brukar ressursane på blir vel så viktige.
Folk rundt meg vil så mykje heller ha ei bru over Høgsfjorden.
I Ryfast-spørsmålet er det nok ikkje ein vanleg fut som turar fram. Nei, det er heller eit troll med tre hovud som trampar på folkeviljen og det sunne bondevitet. Det eine hovudet kallar seg Vesen og hevdar at Det veit alt om planlegging og bygging av vegar. Dei to andre hovuda er så godt som samanvaksne og kallast på folkemunne for Uvesen. Den eine munnen seier at han talar for dei som driv næring, og den andre store kjeften let om at han snakkar for folket. Men du skal ikkje la deg lura, Sigbjørn, for trollskapen fryktar ei folkeavrøysting i Strand like sterkt som dei gamle trolla ottast for sola i hine dagar. Alt vi ønskjer oss i den samanhengen er ein solskinsdag, og det er vel ikkje for mykje å ønskja seg det?
Vi er små kryp, men vi er mange som synest Ryfastprosjektet er ei sløsing med pengar, midlar som folk og samfunn har bruk for til så mange andre gode formål at det er fåfengt å ramsa dei opp i eit kort brev. La meg likevel peika på enkelte forhold som får oss vanlege folk til å kalla Ryfast for galskap.
Ryfasttunnelen inneber å leggja eit undersjøisk samband der fjordgapet mellom Ryfylke og Jæren er på sitt breiaste. Det blir ein dyr affære som i tillegg vil kosta ti gonger så mykje å vedlikehalda som ein vanleg veg. Vesenet seier at vedlikehaldet er det du som må punga ut med, så det gjev Det katten i. Men er det ikkje våre lommebøker dette går ut over nå som alltid? Vi kunne få betre og tryggare vegar, meir rassikring og midtdelarar for dei mange unødvendige millionane som skal pøsast inn i prestisjeprosjektet her i Rogaland. For folk rundt meg vil så mykje heller ha ei bru over Høgsfjorden. Det vil bli langt billegare, og betre på så mange andre måtar i tillegg. Vår situasjon er dessutan heilt ulik kommunar som ikkje har eller hadde ei anna realistisk løysing enn å grava seg fram under havbotnen .
Ei bru med eit spenn lik Hardangerfjordbrua vil gje folk ein mykje tryggare og trivelegare ferdselsveg enn den langbratte "Gjønågongstunnelen" med opp mot 8 prosent stigning – langt over det som vil vera lovleg i framtida. Turistane til Preikestolen, og mange andre flotte turistmål her i Ryfylke, vil få ei heilt anna og positiv oppleving om dei kan ta seg hit over ei moderne bru enn gjennom eit hol på 14 km. Vegen mot denne brua vil dessutan opna opp eit stort område for bustadbygging for folk i Stavanger og elles på Nord-Jæren. Det trengst sårt, for bukostnadene i Stavangerområdet tvingar folk ut or byen. Enkelte politikarar seier dei vil leggja asfalt der noko av den beste matjorda vår finst, og så gjer dei framlegg om å flytta matjorda til ein annan ukjend stad. Synest ikkje du også at det er meir fornuft i å føra ein veg dit folk kan byggja utan å øydeleggja for det driftige jordbruket på Jæren?
Nå har eg nemnt nokre av dei viktigaste grunnane til at folkefleirtalet i Strand ikkje vil ha Ryfast, men ei bru over Høgsfjorden. Innvendingane frå Trollet synest å vera desse: Vesenet hevdar at Det ikkje er i stand til å snu i denne saka, og Uvesenet seier at dei vil tena på å koma tidlegare og fortare fram for sin eigen del. Dei to samanvaksne hovuda har truleg berre tunnelsyn, og manglar visst heilt det viktige omsynet.
Du er vel vane med å setja opp rekneskap, Sigbjørn. Mange strandbuar vil streva med å få eigen økonomi til å gå i hop dersom dei skal køyra dagleg gjennom Ryfasttunnelen på veg til ein jobb med vanleg løn. Vi veit ikkje den eksakte bompengeutgifta ennå, men det kjem til å svi. Hadde vi endå ønskt denne tunnelen, kunne vi vel tolt ein del, men det er det langt frå at fleirtalet gjer. Eg skriv til deg som strandbu, men det finst folk som får større problem enn oss dersom Ryfasttunnelen blir einaste vegsambandet mellom denne delen av Ryfylke og Jæren. La meg til slutt berre minna deg på at du må ta med ein CO2- rekneskap i heilskapsvurderinga av dette prosjektet, og i tillegg tenkja gjennom kor klokt det kan vera å slusa heile Ryfylketrafikken gjennom Stavanger når mange i røynda ikkje skal dit, men sørover mot Sandnes og vidare. Høgsfjordbrua vil løysa det problemet ved å leia trafikken inn til eit knutepunkt for folk som skal den eine eller andre vegen.
Nå lurer du sikkert på korleis det gjekk med ho Kari og klagesaka hennar. Du veit det tok jo ei tid i dei dagar før posten nådde fram, men ein dag kom brevet frå slottet med kongeleg stempel på. Kongens svar var kort og eintydig så ingen kunne misforstå: "Fogden, den Fanden, skal give dig Gaarden tilbake! Og Fredrik heter jeg."
Du Sigbjørn må vel nytta meir diplomatiske ordelag, men kan vi få attende råderetten med tanke på kor vegen skal gå, vil vi vera deg takksame for all tid. Då kan vi samstundes få litt meir "pæeng på bok" både vi og du. Men kva nå du og regjeringa måtte vedta, skal du vita at dei som sit med den politiske makta her på berget er i utakt med folket sitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar